OJKOS

OJKOS er eit komponistorkester som eg var initiativtakar til i 2018.

Saman med fire andre kollegaer starta vi opp dette orkesteret for jazzkomponistar i Oslo.

 

Våren 2024 var min siste som medlem av orkesteret.

Etter 6 år i OJKOS kan eg med takksemd sjå attende på:

 - tre album med min musikk, 

utgjevne på plateselskapet Odin

- fleire prisar og nominasjonar

- 4 år som styreleiar

alea iacta est

Studiodebut-albumet til OJKOS var tingingsverket mitt "alea iacta est". Plata kom ut i 2020. Høyr plata her

 

Albumet vart nominert til Spellemann, i kategorien Tonos komponistpris.

 

Musikken er produsert og mixa av meg.

Mensa rotunda

Det andre tingingsverket mitt for orkesteret "Mensa rotunda", kom ut i 2022. Høyr plata her

 

Den gjorde at eg vant Norsk jazzforum sin pris for årets verk i 2023.

 

Plata er produsert av meg og Lars Horntveth. Eg har mixa ho

OJKOS remixed

Ei remixplate av låtane mine, som kom ut i 2023. Høyr plata her

 

Her får ein høyre nye versjonar signert Lindstrøm, Knut Sævik, Bård Berg, Lakeshouse, Draagen og b0ka.

Studioproduksjon

Her er ei speleliste med musikk eg har produsert og mixa.

Eg har studio på Rosenhoff i Oslo, i lokala til Oslo lydproduksjonar (OLYP).

Eg er veldig open for nye samarbeid, so det er berre å ta kontakt!

Trombone i studio

Eg har hatt gleda av å spele trombone i studio for ei rekkje inspirerande produsentar.

Mellom anna Ole Torjus Hofvind, Lars Horntveth, Yngve Sæther,  Eivind Helgerød,

Henning Svoren, Marcus Forsgren, Christian Engfelt og Kåre Vestrheim.

Nokre av innspelingane kan du høyre i den her spelelista: