
Eg er fødd (1989) og oppvaksen på Nordfjordeid på Vestlandet. Sidan 2013 har eg budd i Oslo.
Studiar
- Norges musikkhøgskole, 2016-2017, årsstudium i jazz-komposisjon
- Norges musikkhøgskole, 2013-2016, master i utøvande musikkteknologi
- Griegakademiet, 2011-2013, PPU
- Griegakademiet, 2009-2013, bachelor i jazz-trombone
Som trombonist
Etter bachelorgrada i jazz, har eg i stort mon arbeidd som frilans trombonist. Eg har vore involvert i fleire kjende og suksessfulle prosjekt over eit breitt spekter av sjangrar. Frå Cezinando, Razika, Fieh og Gabrielle, via Ytre Suløens jassensemble og det Europeiske ungdomsstorbandet, til Jaga jazzist og OJKOS.
I tillegg til utstrekt turnéverksemd i inn- og utland, har eg òg spelt mykje i studio - mellom anna på 9 spellemannsprisvinnande/-nominerte plater. Du finn ei speleliste under "Andre prosjekt".
Som komponist
Eg har gjeve ut to album med partitur-musikk skriven for komponistkollektivet OJKOS. Dei resulterte i ein spellemannsnominasjon og jazzprisen for Årets verk (Les meir om prosjektet under "Andre prosjekt").
Soloprosjektet mitt og debutplata "Av daude gror" syner mi side som populærkomponist. Her skriv eg både tekst og melodi.
Som studioprodusent
Etter masterstudiar i produksjon og mixing, med Kåre Vestrheim og Mike Hartung som rettleiarar, har eg arbeidd mykje som studioprodusent. Musikken eg har arbeidd med til no, har òg bore preg av at eg likar å ha ein variert sjangerdiett - frå pop og elektronika, via rock og jazz til fri-impro og samtidsmusikk. To av platene eg har produsert og mixa vart spellemannsnominerte. Under "Andre prosjekt" finn du ei speleliste med album eg har produsert og mixa.